Publisert: 2008

Ny nettside om klimatilpasning

Det lanserast no ei ny nettside om klimatilpassing i kommunar. Nettsida skal vere eit informasjonsgrunnlag for kommunane i arbeidet med tilpassing til klimaendringar. Ei rekke institutt frå CIENS er bidragsytarar til nettstaden.

nettside-om-klimatilpasning.jpg

Klimaendringar vil kunne gi meir ekstremver, og kan til dømes endre risikoen for hendingar som flaum og skred. Ei ny nettside lanserast no for å gi informasjon til norske kommunar i arbeidet deira med tilpassing til klimaendringar.

Prosjektet har særleg fokus på drikkevatn og avløp, kulturminne og naturressursar. Men det vil også ta føre seg andre utfordringar som kommunane står overfor. Eit av siktemåla er å etablere god kommunikasjon mellom forskarane i prosjektet og forvaltarar.

Fleire institusjonar er involverte i prosjektet: NIVA, NILU, NIKU, Bioforsk, NINA, NIBR og CICERO er alle med, og CICERO har prosjektleiaransvaret.

Les meir om prosjektet på nettsida klimakommune.no.